mandag 10. juli 2017

Turen til Rjukanfossen i Hemsedal

Rjukanfossen Hemsedal
Måtte berre ta med meg sekken min, for oppi den låg det 2 fiskestanger, ei rosa og ei grøn til mine 2 yngste barn i tilfelle eg fann på å fiske i fossen.

Ein liten idyllisk lagune i Hemsedal ville eg ha sagt. Var verdt turen å dit før vi reiste heimover. Den låg så perfekt til og.
Så det var ein del bileter av denne fossen her ja, og litt filming og.
Hadde bestemt meg for at det vart nok ikkje noko fisking denne dagen. Vi skulle snart heimatt.
Heilt til min mann seier at han såg noko fisk litt nedanfor fossen i ein liten høl.
Da var eg vel snar med å finne ein stad eg kunne fiske. :)







Nydeleg liten badeplass dette og. Hemsedal er den beste plassen om sumaren for meg. Nydeleg natur og fiskemoglegheiter.

Det vart til at eg tok den rose fiskestanga og satte på ein sluk. Hadde heller ikkje noko tru på at det kom til å bli noko fisk denne gangen heller. Etter nokre kast, så beit fakisk fisken ja. Ein liten ørret på ca 40 gram.



Ja, så vart denne sumaren og redda. Eg såg og ein litt større fisk der og. Prøvde å få den på kroken, men det vart ikkje denne gangen. Den elva er Mørkedøla som renner ut i Hemsli litt lengre nede. Men, fisk vart det til slutt. Skulle berre vert litt større. Det finnes regler på kor lang fisken kan vere i Hemsedal før ein kan ta fisken utan å setje den utatt i det fri. Fisken vart glad for å kome tilbake til sitt rette element igjen.

Ein ting eg har lest på nett om fiske og spesielt fluefiske. Det er ikkje at fisken bit som er det viktigaste, det er sjølve naturopplevelsen og kastet (fluefiske spesielt det siste).

På tur til Ål Feriepark

Hallingdalselva ved Ål Feriepark
Fiskedag nr 4.

Sjølvsagt klarte eg ikkje å styre unna å fiske i den elga som eg fekk ein bitteliten ørret i fjor. I år var vi på middagsbesøk hjå campingfolket som var på Ål Feriepark. Og der renner og Hallingsdalelva. Inn for å kjøpe fiskekort etter å ha sendt mann og dei minste barna til Lekeland som ligger på campingplassen. Mor ville ha litt tid saman med bror sin som grilla middag. Det var vel berre eit skalkesjuk. Ho ville heller fiske mens bror grilla like ved elva.

Valgte ikkje å bruke fluestang pga ein zipliner som gjekk rett over elva. Begynte med spinner som fisken likte å svømme etter. Prøvde og flue og dubb. Men, den dubben lager så mykje plask at det var det berre tull. Fekk låne den lange fiskestanga til bror min som han hadde knytt fast 3 fluer til. Klarte å få til eit godt kast med den. Fluestanga er nok lettare å kaste med ja. Men, fisken hoppa etter fluene på den, men veit gjorde den ikkje denne gangen heller. Men, alltid kjekt å fiske uansett. Sol og fin vær var det og. Var meldt regn denne dagen, men det vart det ikkje noko av.

Fisketur nr 3 i Hemsedal 2017

Denne gangen var det sjølvaste Hemsli. Kan jo ikkje dra i frå Hemsedal utan å fiske i Hemsli.
Kunne ha budd heile sumaren på Hemsedal eg.

Denne gangen kom eg litt nærmare fisken og. den svømte jo etter både spinner og floge. Men, ville ikkje bite. Dette er på badeplassen ved Trøim, Hemsedal Sentrum. I fjor skulle det visst ha vert ein 3 kg ørret symgjande rundt i denne kulpen, som og blir brukt som badeplass. Eg såg i vert fall ein stor fisk som hoppa der for 2 år sidan. Men, å dra fram fluestanga med ein gang, det turde eg ikkje, så eg begynte med vanleg stang. Mens barna bada, så berre vassa det ut i ein "vader" og begynte å fiske med fluestang. Eg bestemte meg da for at eg skulle da få fisk før han på vanleg stang. Men, det gjorde eg nok ikkje nei. Men, til slutt så må eg berre prøve fluestanga i Hemsli og. Denne gangen var det inga tre fluene festa seg i. Og ja, fisken svømte etter flua eg hadde på og. Men, den ville ikkje bite den heller. Men, vi hadde hatt det kjekt alle saman der enten i form av bading i den kalde elva eller litt betre kast denne gangen med fluestanga.

Hemsedal 2017 Gravsettjern

Gravsettjern -  Hemsedal
Dag 2

Eit nydeleg lite tjern som skulle både ha ørret og abbor. No fisker eg kun etter ørret. Anna fisk interesserer meg ikkje så mykje. Hadde heile tjernet for meg sjølv heilt aleine.

Såg at det hoppa ein fisk, men bite på ville den ikkje. Sidan det blas ein del vind brukte eg spinner og sluk. Men, eg drog til Hemsedal for å trene meir på fluestanga mi.

Resultatet vart at nok ein gang så fiska eg eit tre. Denne gangn var det eit furutre som stakk av med den eine flua mi. Jaja, eg var ikkje den einaste som hadde forlatt floga mi der nei. Eit furutre pynta med floger. Så går vi rundt om en fluebærbusk....


Om det ikkje vart noko fisk på denne fisketuren heller, så er det jo berre naturopplevelsen i seg sjølv heilt fantastisk. Og ikkje minst litt egentid for seg sjølv for å lade batteria sine. Men, kan ikkje gje opp med å drømme ein gang å få fisk med fluestanga si.


fredag 7. juli 2017

Hemsedal 2017 Hundsemvatnet

Dag 1. Hundsemvatnet
Flott tur oppover mot Slogdhorn til Lykkja heilt til vi kom til eit skilt der det stod fiske. Og dit skulle vi til eit fjellvatn med fisk frå 400-900gr. Fluefiske vart det ikkje pga mykje vind. Heller inga vak. Men ein fin tur vart det saman med mann og dei 2 minste barna som og fiska. Det er jo turen som teller og ikkje fangsten. Prøvde den nye Kiwi-kjøpte teleskopstanga til ferskvatn og. Heilt ok. Greit å få med seg i sekken.

søndag 11. juni 2017

Fluefiskekurs

Da har eg endeleg fått vert på ei fluefiskekurs. Så i år blir det mykje meir fisking med fluestanga mi. Det blir gøy. Og med det så blir det ein god del turer oppover Straumsdalen i år. Håper på mykje sol og varme sjølv om det heiter seg at fisken bit best i regnet.

Men, ein ting er sikkert, det er ikkje lurt å gå på fluefiskekurs dagen før ein konsert. Spesielt når høgrearmen ikkje er akkurat så veldig god akkurat no.


Fiske i Daleelva vart det ikkje denne gangen, men det vart mykje trening på land. Får trene meir i hagen framover til ein skal til Hemsedal og fiske der sjølvsagt. :) Viss ikkje sola kjem fram før den tid og eg tar med meg barna på tur oppover skogen. Kan jo sikkert tørrtrene på Tjødnane og. :)

søndag 4. juni 2017

Min fiskeplass her heime :)

2016

I sumar har vi fått 3 fisker under brua.
Første var i juni. Da var det eg som stod for fiskinga. Og da var det veldig kjekt å fiske ja. Eit kast og fisken satt med ein gang.



2017


Årets fiskelykke starta med at minstemann fekk seg ein sur sokk på kroken.
Det var vel den som holdt fiskane vekke. For etter at denne kom i land igjen,
så beit fisken og. :)






Og da var årets fiskesesong i gang. Drog på fisketur saman med dei 2 minste barna mine. Vi liker jo å fiske alle 3. Kvar si fiskestang Planen var å teste dei nye slukane som eg hadde kjøpt. Det hjalp jo da med å få fisk, sjølv om 4 av 5 torsker vart tatt på barna sine fiskestenger og med ein heil anna type sluk som og var mindre. Det beit og moro var det. :) Så fekk eg da endeleg fisk på den eine av dei nye slukane mine. Vel, den beit ikkje på, for eg hekta den. Kanskje den var på vei til å bite, men så var eg litt for kjapp. 5 torsker vart det, så da blir det fiskegrateng i morgon. Den verste jobben er å renske all fisken etter at den har trekt seg. Og det tar veldig kjapt med så fersk fisk. :)

Spørs om det kun blir med desse 5 fiskane i år da sidan eg kun fekk 3 i fjor.