søndag 10. juni 2018

Årets fiskesesong er i gang :) 2018



Første fiskedag denne sesongen


Vi har tenkt på det lenge å ta turen under brua igjen. I dag så kom vi oss dit. Eg og mine 2 yngste barn. Den kortaste vegen å kome oss til ein fiskeplass der vi veit vi kan få fisk. Normalt torsk.

Og vi fekk fisk denne gangen og. Brått så hadde minstejenta fått fisk på kroken. Her var det å sveive inn for å fisken på land. Og ho stolt og kry over å fått fisk, ein pale (sei) som vi seier her innover fjordane.

Og vi kan ikkje dra tilbake med kun ein fisk. Når ein først har fått ein fisk, så er jo lysta enda større på å få ein fisk til. Og spesielt mor som berre elsker å få fisk på kroken. Det er berre kjempemoro.

Først måtte ein bytte sluk, sidan den som var satt på først, ikkje gav noko napp. Og så sluk nr 2. Den var det ikkje mykje hjelp i heller. Så nr 3. Om ikkje fisken beit, så begynte knotten og bite. Så eg sa at når knotten bit, så bit fisken og. Og eg hadde visst rett. Der beit fisken den og. Nok ein pale på kroken.





Og så heim med fisken og rett i panna. Synd dei var litt småe, men når kroken hadde tatt auga på begge fiskane, så måtte ein berre ta med seg begge fiskane. Fisken var god den. Og for å få barn til å ete fisk, så er det berre å fiske den sjølv. Men, no et jo desse barna fisk da uansett om den er sjølvfiska eller butikkfiska. Men, når den er sjølvfiska, da er det jo større glede å ete fisken og. :)