søndag 11. juni 2017

Fluefiskekurs

Da har eg endeleg fått vert på ei fluefiskekurs. Så i år blir det mykje meir fisking med fluestanga mi. Det blir gøy. Og med det så blir det ein god del turer oppover Straumsdalen i år. Håper på mykje sol og varme sjølv om det heiter seg at fisken bit best i regnet.

Men, ein ting er sikkert, det er ikkje lurt å gå på fluefiskekurs dagen før ein konsert. Spesielt når høgrearmen ikkje er akkurat så veldig god akkurat no.


Fiske i Daleelva vart det ikkje denne gangen, men det vart mykje trening på land. Får trene meir i hagen framover til ein skal til Hemsedal og fiske der sjølvsagt. :) Viss ikkje sola kjem fram før den tid og eg tar med meg barna på tur oppover skogen. Kan jo sikkert tørrtrene på Tjødnane og. :)

søndag 4. juni 2017

Min fiskeplass her heime :)

2016

I sumar har vi fått 3 fisker under brua.
Første var i juni. Da var det eg som stod for fiskinga. Og da var det veldig kjekt å fiske ja. Eit kast og fisken satt med ein gang.



2017


Årets fiskelykke starta med at minstemann fekk seg ein sur sokk på kroken.
Det var vel den som holdt fiskane vekke. For etter at denne kom i land igjen,
så beit fisken og. :)






Og da var årets fiskesesong i gang. Drog på fisketur saman med dei 2 minste barna mine. Vi liker jo å fiske alle 3. Kvar si fiskestang Planen var å teste dei nye slukane som eg hadde kjøpt. Det hjalp jo da med å få fisk, sjølv om 4 av 5 torsker vart tatt på barna sine fiskestenger og med ein heil anna type sluk som og var mindre. Det beit og moro var det. :) Så fekk eg da endeleg fisk på den eine av dei nye slukane mine. Vel, den beit ikkje på, for eg hekta den. Kanskje den var på vei til å bite, men så var eg litt for kjapp. 5 torsker vart det, så da blir det fiskegrateng i morgon. Den verste jobben er å renske all fisken etter at den har trekt seg. Og det tar veldig kjapt med så fersk fisk. :)

Spørs om det kun blir med desse 5 fiskane i år da sidan eg kun fekk 3 i fjor.