søndag 9. august 2015

På jakt etter Vosso-laksen.

Vosso ved Bolstad


Sjølvsagt måtte ein ta turen til Bolstad og Villaksens Dag. Og ikkje nok med det, så vart alle damer og jenter spesielt invitert til å bli med. Det var kurs i fluestangfiske, slike 2-hands, altså ein heldt dei med 2 hender. Men, er det ikkje alltid normalt å holde ei fiskestang med 2 hender? Finnes fleire typefiskestanger? Eg har visst høyrt at det finnes 1-hands fluestang og. Viss ein skal prøve det, må ein sikkert på eit nytt kurs.

Men, dette var jo gøy. Litt annerleis. Her må ein virkeleg slappe av når ein skal fiske med fluestang. Altså koble ut alt stress. Ellers kan ein nesten fiske seg sjølv. Det var godt eg ikkje fiska meg sjølv, men det var nære på.

Trur ikkje det blir siste gangen eg prøver meg på fluefiske. For dette er ein den reine medisin i kunsten å kunne slappe av. Anbefaler alle andre til prøve å fiske med fluestang.

Det mest geniale er å ha nokon med seg som ikkje er like interessert i å fiske, for da har ein med seg barnevakt viss ein må ha med seg barna. :)

tirsdag 4. august 2015

Fiskeopplevelsen i Hemsedal

Eikredammen med utsikt mot Hydnefossen
Fiskeopplevelsen i seg sjølv er ikkje berre å få fisk på kroken. Sjølv om det er gøy det og. Men, det å kunne berre nyte stillheita, så sant ein har dratt på fisketur aleine da. For med 3 barn, så er det langt frå noko stillheilt.

Denne sumaren (2015) har det vert litt ekstra moro med å fiske. Mykje fisk har det ikkje blitt. Det har heller blitt veldig lite med fisk, men litt meire sluker osv. Ein trenger å fornye seg på den fronten og.

I sumar har heile familien vert ei veke i Hemsedal/Lykkja. Og der skal visst nok Norges beste ørretelv vere. Denne sumaren hadde eg bestemt meg for å prøve meg på å fiske i ferskvatn. Fisker normalt med stang i sjø. Da slepper ein alt som har med avgift og fiskekort. Denne gangen ville eg prøve noko nytt. Så da var det å betale avgift og kjøpe fiskekort. Og eg som aldri har nokosinne kjøpt meg eit fiskekort. I tillegg måtte ein kjøpe seg nytt fiskeutstyr som ein kunne bruke i ferskvatn. Så no har fiskestanga mitt fått seg ferskvannsnøre denne sumaren her. Og ja, eg vil gjerne fiske fleire ganger i ferskvatn før sesongen er over. Så det må bli ein tur til Haugalandet før sesongen er over. For langs E39 så skal det vere mykje fiskevatn der.

Fiske i Hemsedal.
Det er berre ein nydeleg plass. Eg vart meir eller mindre forelska i fossen der.
Å fiske i Hemsedal/Lykkja kan vere litt komplisert viss ein er litt ukjent. For der har ein lov til å fiske og der er det kun fluesoner og der har ein ikkje lov til å fiske.
Første fiskedag tok vi turen til Storevatnet. Ikkje så enkelt å finne fram nei. Eller finne dei riktige fiskeplassene. No er ikkje eg så veldig kjent med kvar det er best å fiske i ferskvatn og kvar fisken står.
Storevatnet
Største pinnefangst frå Hemsli-elva
Viktig med å ta av fangsten. Hemsli i bakgrunnen.
Vi fant oss til slutt ein stad der vi kunne stå å fiske. Fisketuren endte kun med at eg mista den nye spinnaren eg hadde kjøpt. Men, det var veldig kjekt å dra med mann og barn ut i naturen. :)

Neste fiskedag så fekk eg med alle saman. Det var til Helsingvatnet. Det var ikkje mykje vi fekk helse på det, for vi kom oss ikkje fram til vatnet. Men, eg fant i det minste ein stad der det var mykje molte. Så eg skulle gjerne ha vert der no å plukka molter til jul ja.

Eg trudde heile tida at Hemsli kun var for fluefiskere og at mitt fiskekort ikkje gjaldt der nei. Men, til min store glede så oppdaga eg den var open for alle på enkelte stader. Så det var jo berre hyggeleg. Da måtte eg og prøve Hemsli og. Midt i Hemsedal sentrum kunne ein stå og fiske. Fram med fiskeutstyret. Det vil seie vanleg fiskestang.

Men, fekk eg fisk? Nei, men eg såg at det hoppa ein stor ørret litt lengre frå der eg stod å fiska.

Men, pinner fekk ein på kroken. Yngstejenta mi fekk den største pinnen.

Ho mor fekk og seg ein pinne som var litt mindre.
Sidan begge pinnane var skada, så kunne vi ikkje kaste dei ut igjen. Helsk skulle ein jo ta desse med oss heim, men ho mor valgte at dei skulle få ligge igjen inne på land. Kanskje det var nokre andre som ville sjå korleis ein ekte Hemsli-pinne såg ut.
Vi tatt den med oss og tørka den, så kunne vi ha fyrt med den i bålpanna og laga pinnebrød over glørne. Men, når familien er på tur, er bilen overfull frå første meter vi køyrer heimifrå.

Etter ein tur til Gol, måtte ein stoppe ved Eikredammen. Det var siste plass ein fiska i Hemsedal før avreise hytta. Skulle gjerne ha vert der lengre ja. Kanskje ein kunne fått ein skikkeleg fisk til slutt. Men, ved Eikredammen skulle da stor-fisk vere. Og det hoppa mange fiskar der. Og vi kasta og vi kasta både eg og eldstejenta. Trur vi fiska der over ein times tid og vel så det.

Eikredammen
Vi prøvde å fiske frå demningen først. Og der hoppa det overalt. Men, ikkje noko napp. Prøvde med eit tips om å legge til ein liten sluk for så å feste på 2 floger eller fleire å la flogene synke. Resultat: Vas og atter vas. Så det gav eg opp til slutt. Gjekk over til sluk og spinner. Men, det var like mykje vas der og som eg måtte løyse opp. Denne gangen var det ikkje eg som var årsaken til vaset. Men, vi hadde det jo gøy der vi fiska og fiska rundt all fisken som hoppa og hoppa. Vurderte nesten å berre bruke hoven. Men, da måtte ein bade i tillegg. Til det var det altfor kaldt til. Har jo sett på desse som står langt ut i elva for å fiske. Eg trives nok best å ha trygg grunn under føtene mine.