mandag 10. juli 2017

Turen til Rjukanfossen i Hemsedal

Rjukanfossen Hemsedal
Måtte berre ta med meg sekken min, for oppi den låg det 2 fiskestanger, ei rosa og ei grøn til mine 2 yngste barn i tilfelle eg fann på å fiske i fossen.

Ein liten idyllisk lagune i Hemsedal ville eg ha sagt. Var verdt turen å dit før vi reiste heimover. Den låg så perfekt til og.
Så det var ein del bileter av denne fossen her ja, og litt filming og.
Hadde bestemt meg for at det vart nok ikkje noko fisking denne dagen. Vi skulle snart heimatt.
Heilt til min mann seier at han såg noko fisk litt nedanfor fossen i ein liten høl.
Da var eg vel snar med å finne ein stad eg kunne fiske. :)







Nydeleg liten badeplass dette og. Hemsedal er den beste plassen om sumaren for meg. Nydeleg natur og fiskemoglegheiter.

Det vart til at eg tok den rose fiskestanga og satte på ein sluk. Hadde heller ikkje noko tru på at det kom til å bli noko fisk denne gangen heller. Etter nokre kast, så beit fakisk fisken ja. Ein liten ørret på ca 40 gram.



Ja, så vart denne sumaren og redda. Eg såg og ein litt større fisk der og. Prøvde å få den på kroken, men det vart ikkje denne gangen. Den elva er Mørkedøla som renner ut i Hemsli litt lengre nede. Men, fisk vart det til slutt. Skulle berre vert litt større. Det finnes regler på kor lang fisken kan vere i Hemsedal før ein kan ta fisken utan å setje den utatt i det fri. Fisken vart glad for å kome tilbake til sitt rette element igjen.

Ein ting eg har lest på nett om fiske og spesielt fluefiske. Det er ikkje at fisken bit som er det viktigaste, det er sjølve naturopplevelsen og kastet (fluefiske spesielt det siste).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar