mandag 10. juli 2017

Hemsedal 2017 Gravsettjern

Gravsettjern -  Hemsedal
Dag 2

Eit nydeleg lite tjern som skulle både ha ørret og abbor. No fisker eg kun etter ørret. Anna fisk interesserer meg ikkje så mykje. Hadde heile tjernet for meg sjølv heilt aleine.

Såg at det hoppa ein fisk, men bite på ville den ikkje. Sidan det blas ein del vind brukte eg spinner og sluk. Men, eg drog til Hemsedal for å trene meir på fluestanga mi.

Resultatet vart at nok ein gang så fiska eg eit tre. Denne gangn var det eit furutre som stakk av med den eine flua mi. Jaja, eg var ikkje den einaste som hadde forlatt floga mi der nei. Eit furutre pynta med floger. Så går vi rundt om en fluebærbusk....


Om det ikkje vart noko fisk på denne fisketuren heller, så er det jo berre naturopplevelsen i seg sjølv heilt fantastisk. Og ikkje minst litt egentid for seg sjølv for å lade batteria sine. Men, kan ikkje gje opp med å drømme ein gang å få fisk med fluestanga si.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar