søndag 11. juni 2017

Fluefiskekurs

Da har eg endeleg fått vert på ei fluefiskekurs. Så i år blir det mykje meir fisking med fluestanga mi. Det blir gøy. Og med det så blir det ein god del turer oppover Straumsdalen i år. Håper på mykje sol og varme sjølv om det heiter seg at fisken bit best i regnet.

Men, ein ting er sikkert, det er ikkje lurt å gå på fluefiskekurs dagen før ein konsert. Spesielt når høgrearmen ikkje er akkurat så veldig god akkurat no.


Fiske i Daleelva vart det ikkje denne gangen, men det vart mykje trening på land. Får trene meir i hagen framover til ein skal til Hemsedal og fiske der sjølvsagt. :) Viss ikkje sola kjem fram før den tid og eg tar med meg barna på tur oppover skogen. Kan jo sikkert tørrtrene på Tjødnane og. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar