mandag 10. juli 2017

Fisketur nr 3 i Hemsedal 2017

Denne gangen var det sjølvaste Hemsli. Kan jo ikkje dra i frå Hemsedal utan å fiske i Hemsli.
Kunne ha budd heile sumaren på Hemsedal eg.

Denne gangen kom eg litt nærmare fisken og. den svømte jo etter både spinner og floge. Men, ville ikkje bite. Dette er på badeplassen ved Trøim, Hemsedal Sentrum. I fjor skulle det visst ha vert ein 3 kg ørret symgjande rundt i denne kulpen, som og blir brukt som badeplass. Eg såg i vert fall ein stor fisk som hoppa der for 2 år sidan. Men, å dra fram fluestanga med ein gang, det turde eg ikkje, så eg begynte med vanleg stang. Mens barna bada, så berre vassa det ut i ein "vader" og begynte å fiske med fluestang. Eg bestemte meg da for at eg skulle da få fisk før han på vanleg stang. Men, det gjorde eg nok ikkje nei. Men, til slutt så må eg berre prøve fluestanga i Hemsli og. Denne gangen var det inga tre fluene festa seg i. Og ja, fisken svømte etter flua eg hadde på og. Men, den ville ikkje bite den heller. Men, vi hadde hatt det kjekt alle saman der enten i form av bading i den kalde elva eller litt betre kast denne gangen med fluestanga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar