lørdag 9. juli 2016

Forbruksvare....

Kor mykje ein trenger til ei fluestang utanom stang og fluer, det veit eg rett og slett ikkje. Men, har høyrt at fortom er eit must å ha fleire av. Og så grønn som eg er nettopp på fluefiske så satser eg på at dei i butikken veit kva det er eg skal ha.

I dag hadde eg flask. Gjekk bort i kassa og lurte på om nokon hadde peiling på fluefiske, for det har jo ikkje eg. Og i kassa var det faktisk ein som hadde god peiling. Og godt er det, for eg veit jo knapt kva eg skal ha. Det er litt enklare å ta turen til Musikk Miljø og kjøpe seg eit kornett-munnstykke.

Eg endte opp med desse her. Da veit eg neste gang kva eg skal ha. Ta med seg emballasjen og seie at eg skal ha slike her. Dei veit og ta seg godt betalt.

Det som var mest moro var at ekspeditøren som hadde drive med fluefiske sidan han var 12 år, tipsa om at elva Ekso var kjempeflott å fiske i for nybegynnere.

Det er ikkje lange turen det. Kun inn til Eidslandet så er ein der ved Ekso.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar