lørdag 25. juni 2016

Nytt kapittel :)

Da har eg fått meg ei fluestang. Einhandsfluestang. Har aldri fiska med ei slik fiskestang, kun ein gang på Villaksens Dag på Bolstad, men da med ei 2-handsfluestang.

Det einaste eg har gjort no er å tørrtrena i hagen ei kveld i regnet. Måtte tilbake til butikken med snella sidan den som fulgte med ikkje fungerte som den skulle. Fekk ei ny ei.

Eg tok turen innom Coop Extra på Voss med fluestanga i handa. Ut av butikken hadde ein med seg laks. Ikkje akkurat tatt med fluestanga nei. Fisken var god den som vi fanga i frysedisken i butikken. Men, satser på om eg klarer å få fisk med fluestanga da. Sidan eg da aldri har fiska med 1-handsfluestang, så skal eg holde meg langt unna desse proffene i sumar. Helst fiske på ei øde øy aleine slik at ingen kan sjå kor dumt det eigentleg ser ut når eg fisker med meg nokre "flygefisk" som sitter i trea. Eg fekk ein del av dei på Villlaksens Dag ja. :)

Driver og ser på youtube, men eg finner ikkje på nett frå han der som eg såg på youtube i fjor om fluefiske.
Eg har jo funne ut at ein kan lære seg alt på youtube. Alt frå å spele eit instrument til å fiske med fluestang og floge. Må vel hugse å pakke ned fiskeutstyr i tillegg til. Synd at fluestanga ikkje går ned i trippelbagen min. Neste gang blir det ei fem-deltfluestang og ikkje ei 4-delt. Eller putte inn fluestanga der notestativet skal vere? Ser kanskje litt dumt ut.

Fluestanga eg fekk meg er eit X-stream Northen Light 9' #6-7. Dei som kan det seier det mykje meir enn meg som er eigentleg totalt grøn på fluestenger og fluer. Men, no har eg da fiska omtrent sidan eg kunne sitje aleine i ein båt. Og har sjølvsagt fått fisk lenge før eg begynte på skulen og. I tillegg til at ein er født inn i ein familie som liker å fiske. Kor mange fiskestanger ein har hatt veit eg nok ikkje. Eller fiskesnøre for den sagt skuld. Det har blitt ein del opp gjennom åra. Men, så er det gøy å fiske og da. Spesielt om sumaren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar