lørdag 9. juli 2016

Synål....

Kvifor setter eg overskrifta synål når bloggen handler om fiske? Har da skjønt at fluefiske er ikkje berre for menn. Når ein snakker om nåleknuter, så har eg mange nåler liggande i syskrinet. Så fluefiske er så absolutt for oss kvinner og. Så da må eg ha eit lite syskrin i sekken min og med fiskeutstyret mitt. Det finnes og noko som heiter å hekle. Eller som mor ein gang trudde når ho var nordpå og skulle ut med faren min for å fiske. For oppe ved Vega så seier dei "ut på syn". Så mor mi satt i båten og venta på når far min skulle ta fram sysakene. Eg syns denne historien alltid var morosam som barn. :)

Etter å ha sett på denne filmen korleis ein skal feste desse "gøttene" saman, altså fortom og skyteline, så dukkar det opp eit verktøy som eg ofte bruker i scrappesakene mine, nemleg syl.
Eg skulle jo eigentleg finne meg eit tips i kva for type nål ein brukte, men der kom det noko som eg ikkje har sett før....Men, eg trur eg kan klare meg med ei vanleg synål som eg har ein del av.

Korleis knyte på ein fortom?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar