søndag 9. august 2015

På jakt etter Vosso-laksen.

Vosso ved Bolstad


Sjølvsagt måtte ein ta turen til Bolstad og Villaksens Dag. Og ikkje nok med det, så vart alle damer og jenter spesielt invitert til å bli med. Det var kurs i fluestangfiske, slike 2-hands, altså ein heldt dei med 2 hender. Men, er det ikkje alltid normalt å holde ei fiskestang med 2 hender? Finnes fleire typefiskestanger? Eg har visst høyrt at det finnes 1-hands fluestang og. Viss ein skal prøve det, må ein sikkert på eit nytt kurs.

Men, dette var jo gøy. Litt annerleis. Her må ein virkeleg slappe av når ein skal fiske med fluestang. Altså koble ut alt stress. Ellers kan ein nesten fiske seg sjølv. Det var godt eg ikkje fiska meg sjølv, men det var nære på.

Trur ikkje det blir siste gangen eg prøver meg på fluefiske. For dette er ein den reine medisin i kunsten å kunne slappe av. Anbefaler alle andre til prøve å fiske med fluestang.

Det mest geniale er å ha nokon med seg som ikkje er like interessert i å fiske, for da har ein med seg barnevakt viss ein må ha med seg barna. :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar